Fotoalbum
Startside
Om skulen
Nyheter
Fotoalbum
Kontakt
 

                         MATEMATIKKDAG!!!

Torvikbukt skule hadde matematikkdag tysdag 1. juni. Då hadde vi praktisk matematikk, for å lære på andre måtar enn kun læreboka. Dette var ein heil skuledag fylt med praktisk og morosam matematikk. Elevar lærer ofte betre med konkretisering. Etter ein slik matematikkdag håpar vi elevane vil sjå nytte av matematikk og tenkje på det som meir enn berre eit lærebokfag. Vi har bruk for matematikk til veldig mykje i dagleglivet. På denne måten håpar vi motivasjonen til faget vil bli endå sterkare.
Døme på¨aktivitetar var å rekne ut areal og omkrins av fotballbana, rekne ut farta si, tippe kva ulike gjenstandar vog, matematikkspel med tal, sannsynligheit med terningar, og fylle ei 10-liters bøtte med vatn ved hjelp av desilitermål og litermål. Vi hadde og ein konkurrranse der det var om å gjere å gå eller springe med mest mogleg jamn fart i to rundar av ei løype. Sondre vart vinnaren, med berre 6 hundredels sekund i forskjell på første og andre runde!

Baking med matematikk som hovudfokus var og ein populær aktivitet. Mykje å lære med liter, kilo osv.

Før sjølve dagen høyrde vi nokre negative utsagn om matematikk ein heil dag. Inntrykket vart eit heilt anna då elevane fekk sjå kor morosamt og lærerikt dette faktisk var! Det var påfallande mange smilande ungar denne dagen, noko som seier oss kor viktig dette var med tanke på å motivere elevane til matematikkfaget.

 

         

         

         

         

         

 


Torvikbukt skule har hatt generasjonstreff. Besteforeldre og folk i bygda over 65 år
vart inviterte. Elevane stod for matservering og underhaldning på treffet.
Underhaldninga bestod til dømes av song, Egner-Portpuri med utkledning og
gitarspeling. Tuppen og Lillemor stakk jammen innom og. Etter underhaldninga kosa vi
oss ilag med brødmat, vaflar og kaker. Det var veldig kjekt å møtest for dei ulike
generasjonane. På denne måten opprettheld vi kontakt på tvers av aldersgrensene.

    

    

    

    

    

    

    

    

    

    
 

 

Rivinga av gamleskulen.

21. desember byrja rivinga av gamleskulen. Firmaet Bredesen frå Sunndalsøra hadde
rivingsoppdraget.
Bygget har stått der sidan 1923. På nokre få dagar vart huset som har stått der i 87
år jamna med jorda. Veldig mange har minner frå skulegang i dette bygget. Eitt rom i
1. etasje vart nytta til klasserom fram til 1985. Det same rommet vart deretter
omgjort til arbeidsrom for lærarane. 1. etasje var i bruk til lærarrom og kontor
fram til Torvik skole vart nedlagd til sommaren 2009. 2. etasje og loftet har ikkje
vore bebudd sidan tidleg på 1970-talet.

Torvikbukt skule har lærarrom i den gamle sløydsalen i "nybygget", og hadde difor
ikkje bruk for gamleskulen. Sidan bygget var i så dårleg forfatning, var det ingen
annan utveg enn riving.

       

       

         

                

                

         

         

         

                 

 

    Fjelltur onsdag 14. oktober


Endeleg slo finveret til, og vi kunne gå på fjelltur. Alle elevane gjekk til Orsetsetra, der vi blant anna grilla pølser og leika oss. Ein del sprekingar vart med vidare til Nøssa. Som du ser på bileta, er det mange blide fjes å sjå. Det vart ein kjempedag for både elevar og vaksne!

 

                  

                  

                                   Orsetsetra

                  

        

                     

                                       Nøssa

                         


 

Turdag på Ranheim!!

 

Statsministeren kom på besøk til Torvikbukt fredag 4. september. Elevane på Torvikbukt skule fekk kome til Gjøco for å helse på sjølvaste Jens Stoltenberg. Etterpå fekk vi kome inn for å ete kake.
Alle elevane hadde gledd seg mykje til å møte statsministeren. Vi hadde øvd på handhelsing, bukking og neiing. Jens fekk høyre 1. verset av ein song frå opningsdagen: "Vi er glad på denne dag, at vi kan få gå ilag - her på skulen, gammal, god. Og i bygda er det flott å bo." Og jammen song han med på siste strofe!