Torvikbukt skule er ein privat barneskule som starta opp til skulestart
hausten 2009.
Dette skuleåret har vi 38 elevar og 9 tilsette. Skulen er fådelt. 1.
og 2. klasse gårilag.
Det same gjeld 3. og 4. klasse, medan 5.-7. klasse går samla.
Vi har sjølvsagt eindel delingstimar innanfor desse gruppene.
Torvikbukt skule er solid oppdekt med lærarressursar.
Opplæringsmål er nynorsk.
Skulen har utvida kristen formålsparagraf.
Skilnaden frå offentleg skule er at det innanfor RLE blir lagt meir
vekt på kristendommen.
Timetalet RLE er likt med offentleg skule.
Oppstarten av skulen har gått veldig bra, og det er ingen tvil om at
Torvikbukt skule er til for å bli.
Auken i elevtalet på 22,5 % etter første driftsår vitnar om dette.
Vi ser at elevane trivst godt i eit trygt og lite miljø.
At vi alle kjenner kvarandre og er trygge på kvarandre er ein stor
fordel ved ein så liten skule.
Ved at det er få elevar i kvar elevgruppe, har vi unike moglegheiter
til å følgje opp elevane og gje dei ei god opplæring godt tilpassa deira